Sotra Fotoklubb
Sotra fotoklubb blei etablert i 2012 og har medlemmer frå heile den nye storkommunen Øygarden (tidlegare Sund, Fjell og Øygarden). Denne facebook-gruppa er open for alle med interesse for fotografering og gode bilde. Legg gjerne ut foto du har tatt her. Det er kostar ingenting å vera medlem av den opne facebookgruppa. Det går også an å melda seg inn i klubben som betalande medlem. Då blir du også medlem av Norsk selskap for fotografi (NSFF), sjå http://www.nsff.no. Årskontingent er 575 kroner. For betalande medlemmer har vi klubbmøte på Straume, stort sett kvar veke, med kurs, føredrag, printing av foto, bildevising, konkurransar m.v. Vi vil gjerne ha fleire medlemmer, både nybyrjarar og vidarekomne.